Endeleg har vi fått det nyaste tilskotet til flokken vår heim. Vanessa lever opp til alle våre forventningar. Ho er akkurat så GLAD, nyfiken, sosial og herleg som vi håpa og ønska.
Grunnen til at Vanessa kom i hus er nesten litt rar, S* Sannafjellets Kaxe er jo Brita sin pus, då eg først begynte å sjå på skogkatt surfa eg jo litt rundt om kring. Kaxe festa seg raskt hjå meg... eigentlig syntes eg han såg litt rar ut, og han var slettes ikkje den katten eg syntes var penast i landet... hi hi. Snakk om å endre mening og syn undervegs. Då eg fekk SJÅ og TA i Kaxe for første gong, var eg solgt... Maken til deilig, og RÅ hannkatt skal ein leite lenge etter. Tanken på å få ei pusejente til, kom då vi mista Joleen. Og det vart som det var med Gaute; den nye pusen måtte likne den gamle, men ikkje være lik. Vanessa satt og titta på meg med melkebarten sin då jeg var innom sida til Eva (Satyr`s), og eg var solgt på nytt. Kaxe barn i riktig farge... Ho berre måtte bli mi!!!
Må få lov å takke Eva (N) Satyr`s for at du var villjug til å la Vanessa bli vestlending, du er SUPER!!!
Eva Walther (N) Satyr`s Stamnamn: (N) Satyr`s Vanessa Fødd: 19.03.2008 EMS kode: NFO n 09 Oppdrettar:
Stamtavle Vanessa Ho er kul den vesle "bartefrøkna" vår. No er ho straks fem mnd gamal, vekta er omlag to kg.


Desse to vert nok eit radarpar på utstilling i framtida. Vanessa er utruleg lett å handtere... på alle vis... he he


Dagen etter at ho kom heim, ho er så vakker synest vi.

Er det rart eg vart forelska, ho er så utruleg pussig og sjarmerande denne jenta!!!

Mamma til Vanessa: (N) Satyr's Anitra | Pappa til Vanessa: |
| ![]() |