Har lenge sett på dei klassiske tabbymønstra kattane, har ønska meg ei slik jente lenge.
S*Restless har fantastiske kattar, og eg har lenge fulgt dei kulla dei har hatt dei siste åra. Då eg rett over nyttår såg at dei venta nytt kull, var eg snar og sende ein mail. Kattugane var akkurat fødde, men ingen bilete var lagt ut av dei enno. Guri så spend eg var på å sjå korleis dette kullet deira var. Stor var gleda mi då eg såg at det var jenter der... tabbymønstra jenter.
Maila lenge og vel med Ulrica og forelska meg etterkvart grundig i Silverdagg. Stor var difor gleda då eg fekk vite at ho kunne bli mi.
I April køyrde Jon og eg til Sverige for å hente heim den nye prinsessa... for dette er ei retteleg adelsjente. Ho er vidunderleg vakker vår Silverdagg... Vi er utruleg takksame for at ho fekk komme til oss.
Ho passar perfekt inn i flokken vår, glad spretten og utruleg kontaktsøkjande. Ei stengd dør er utruleg tragisk for "Silla" då gret og hyler ho slik at ho tilslutt vert opna for... glad og med halen tilvers går ho då og inntar det rommet ho var utestengd frå... raringen vår!
Ulrica og Lars Olofsson S*Restless Stamnamn: S*Restless Silverdagg Fødd: 05.01.2009 EMS kode: NFO n 09 22 Oppdrettar:


Mamma til Silverdagg: ns 22 | Pappa til Silverdagg: NFO n 09 22 S*NC`s cattery |
|
|