"Mor i huset har nok vore kattefrelst i heile sitt liv.Her er eg berre eitt år gamal, allereide godt driven i å klappe katten :o) "
I have always loved cats, here is a picture of me just a year old and well used to cats...
Familien vår tel fem tobeinte, og seks firbeinte medlem. Denne sida handlar om oss som går på to bein ;o)
Our family consists of five two-legged and six four-legged creatures. This page is about the two-legged ones....
Vi er:
Indemine 6 år. Er durkdreven og djupt erfaren i barnehagegåing, men utruleg klar for å verte skulejente... om eit heilt år, sukk så urettvis verden er. Sann katteven, utanom om morgonen når Gaute kjem og skal kile henne på tærne... ho oppfattar IKKJE Gaute sine kjærteikn som kiling, berre så det er sagt
Indemine (6). An experienced kindergarten child it seems deeply unfair to have to wait a whole year more before starting school. A true cat lover with the exception of earty mornings when Gaute tickles her toes - these acresses are not interpreted as tickling.....
Sunniva 12 år. Har smil om munnen, gode ord til alle, og lopper i blodet. For å halde styr på alle loppene trenar ho to gongar i veka turn. HO ER DYKTIG, men loppene er der stadig vekk...
Sunniva (12). Always smiling, pleasant to everyone and ceaselessly active. To cope with this excess of energy she does gymnastics two times a week and is VERY GOOD.
Øystein 15 år. Har full kontroll på reguleringa og er marinbiolog av legning. Har ikkje tal på kor mange timar denne karen har tilbrakt i og ved sjøen i løpet av sitt liv. No for tida er det båt som er "hot", bur ein ved havet køyrer ein båt... heile tida ;o)
Øystein (15).Is a marine biologist at heart and would spend his entire life by or on the sea if he could. All his money goes on his boat....
Jon 36 år. Opprinneleg frå Spydeberg i Østfold. Arbeider for StatoilHydro på Stureterminalen i Øygarden. Han er her prosjektleiar for D&Fgroup, eit firma som driv innan vedlikehald, stillas, maling og eg veit ikkje kva...
Jon (36). Originally from Spydeberg in Østfold. Works for StatoilHydro at the Sture oil terminal as a project leader for a wide range of maintenance activities.
Vibekke 38 år. Er innfødd Øygarding og trivest med det. Er utdanna førskulelærar og er frå 2008 tilsett i jobb som lærar ved Alvheim og Bakken skule. Har hatt katt nesten heile livet. Elskar å lese til laaangt på natt. Eg likar i tillegg å drive med ymse slag av handarbeid.
Vibekke(38). Born and bred in Øygarden. Educated as a primary school teacher and currently working at two local schools. Has had cats all her life. Loves to read into the early hours of the mornings and also enjoys various forms of handwork.

Vi bur i ei perle av ein kommune. Øygarden ligg ca 6 mil nord/vest for Bergen, laaangt ute i havet. Her trivest vi godt med sjøen rundt oss på alle kantar.
We live in a wonderful place called Øygarden, about an hours drive from Bergen and surrounded by the sea.