(N) Stiv kuling`s

Lite oppdrett av Norsk Skogkatt i heimemiljų.

Nyhende

  •  16.01.09 Nytt under Planar
  •  15.01.09 Tingoskattens Gaute er i dag ultralydundersøkt ved Stend dyreklinikk av Veterinær og hjartespesialist Thomas Øyo.  Det står i rapporten frå han: "Hjerteundersøkelse Katten ble i dag undersøkt med ekkokardiografi, det ble ikke gjort unormale funn." Dette er slik eg forstår det tilsvarande HCM  undersøking slik den vert gjort i t.d. Sverige, forskjellen ligg i at den ikkje er godkjend av PawPeds, desverre, mne godt for meg som oppdrettar å vite ;o)                                                                                                                                                                                                     
  • 22.10.08 No har eg laga til B-kull side også, vi ventar i spenning kvar dag på at Madicken og Gaute sine kattungar skal verta fødde. Vi gler oss veldig!!! 
  • 13.08.08 på akkurat den dagen vi venta kom vårt føste kull. Fire skjønne jenter og ein herleg gutt ligg akkurat no og kosar seg med mamma i klesskapet vårt. sjå dei på kattungesida vår!
  • 06.08.08 Madicken er diverre ikkje drektig, Men vi skal prøve igjen så snart ho får løpetid. Laga Kattungeside, og oppdatert med diverse bilete av- og info om kattane. 
  • 01.07.08 Vi er vel heime att etter utstillingshelg med MYKJE attåt i Sverige. Vi kan med stolthet fortelje at Gaute har vorte Internasjonal Champion, laurdag 28.06.08 tok han denne tittelen, og vi er sååå stolte over godguten vår. Katitzi vart og henta heim, og ho er drektig, det vert ei spanande tid framover for oss no. Som om ikkje dette var nok, har vi og henta heim vår vesle nye jente, (N) Satyrs Vanessa. Les meir om henne på sida hennar.
  • 21.06.08 Gaute og Madicken har parra, det vil vise seg om nokre veker om dette har gitt resultat. Parringa var prega av at det var to nybyrjarar som debuterte... he he.
  •  7. - 8.06.08 Hansakatten: Madicken vart Champion, Gaute tok sitt siste cert før Sverigebesøk. Stor stas, sjekk utstillingssida.
  • 01.06.08 Vi har levert Katitzi til Czack. Det vart eit triveleg besøk, og Czack oppfylde alle våre draumar... Vi kryssar fingrane for vakre resultat, ein gong i August.
  •  31.05.08 Skogkattmeisterskapet: Vi enda opp med å komme heim med Skogens Prins; det var stor stas. Jentene gjorde det også bra, sjekk utstillingssida.
  • 10.05.08 Har bestemt oss for å få ei lita pusejente til. Ho kjem fra oppdrettet (N) Satyrs, og heiter Vanessa. Fargen er n09, og vi vil få henne heim mot slutten av juni månad, gjett om vi gler oss!!!
  • 23.04.08 ordna litt på linkesida. 
  • Har fått endra domenet mitt slik at det heng saman med stamnamnet no. Det vil sei at du finn oss på http://www.stivkulings.com/ ;o)
  • 11.04.08 Joleen er død. Ho var i heile fjor sommar plaga med helseproblem relatert til allergi. Vi var einige om å gi henne ein vinter til i håp om at denne våren og sommaren skulle bli betre i og med at ho vart kastrert i fjor sommar. Desverre gjekk det ikkje slik vi ønska, ho har vorte dårlegare og dårlegare no, etter som våren har meldt seg. På fredag såg vi at dette ikkje gjekk lengre. Ho sovna inn hjå veterinæren, medan venninda mi klappa henne i søvn. Ho mol til det siste. Farvel mi vakre og snille Joleen, vi gløymer deg ikkje! 
  • Har planar om ei rålekker jentekjærast til Gaute i løpet av hausten, les meir om henne på Gaute sine sider;o)
  • 24.03.08 Vi har vore på utstilling i Stavanger (Rorak) i påskehelga. FOR EI HELG OG FOR NOKRE RESULTAT VI FEKK. Kikk innom på utstillingssida så får de resultata frå denne utstillinga
  • Lagt inn planar for Katitzi og ein superflott hannkatt, sjå på planane våre!
  • Lagt inn nye resultat frå Berak si utstilling 16./17.02.08
  • 31.01.08. Vi har fått godkjend (N) Stiv kuling`s som stamnamn. Dette er vi godt nøgde med, synest det heng tett saman med klima og forholda der vi bur;o)